Gripande frå ende til annanStangvika har lagt sin flottaste vårdag som ramme om konserten vår, sa dirigent Peder Rensvik. Musikkopplevinga inne i kjyrkja vart vårdagen verdig.Peder Rensvik feira Edvard Greig saman med Kristiansund Kammerkor, Festivalkvartetten, baryton Njål Sparbo og pianist Margaret Rensvik laurdag.Koret opna med Maria-Hymnen "Ave Maris Stella" og "Våren" - verk som krev evne til lyttande samsong og god klang i alle register. Songarar og dirigent viste fine detaljar og vellykka heilskap i formidlinga og skapte vakker klang i rommet.Gjennom fire Bjørnson-tekster frå "Fiskerjenten" møtte vi Grieg som romansekomponist - der ikkje minst hans virtuositet som pianist har sett sitt preg. Dette er ikkje solosong med "komp", men scener av idyll så vel som ironi i tett og intenst samspel mellom likeverdige partar.Margaret Rensvik tolka det krevande klaverpartiet nyansert, med bravour og delikatesse. Slik kunne Njål Sparbo utfalde sin stemmerikdom og sitt kunstnarlege temperament fullt ut. Hans vokalinstrument kan tordne som basun, bedåre som cello, snerre som obo og gli mot himmelen i fløyelstonar som ei fløyte. Utan overspel nytta han dette i dei små Bjørnson-stubbane.Eg tenkte: Slik ville den frodige og følsame Bjørnstjerne ha sunge, viss han kunne!Festivalkvartetten musiserte sterkt i den store "Strykekvartett i g-moll". Med litt stemmejustering etter den krevande opningsdelen satt klangen og samspelet skikkeleg. Verket er fullt av innfall og oppfinnsomhet: Ein søt "Romanse" - ispedd litt musikalsk munnhoggeri. Eit gnistrande "Intermezzo" - med dåm av halling og folkevise. Og ein underfundig, forrykande "Finale" - som litt nølande byr opp til dans og så samlar humor og raseri til enormt uttrykk. Fortent trampeklapp for dei fire som løfta musikken opp til store høgder.Blant klenodia innan folketoneinspirert kunst ragar Griegs "Fire Salmer" høgt. Her gjorde solist og kor ein formidabel innsats. Koret nyanserte fint i dels kompliserte satsar, arbeidde respektabelt undervegs for å halde klang og tonalitet på plass og makta det essensielle: Å bringe denne storslåtte og vakre heilskap inn i sjelende.Krona på verket sette solist Njål Sparbo med si overmåte velklingande og innlevde tolking av dei minste nyansar i tekst og melodikk. Gripande frå ende til annan.Griegs musikk gjer oss stolte som nordmenn. Fortent takk og blomster til solist, kor, dirigent og musikarar som så overbevisande understreka dette!Bernt Bøe, Tidens Krav, 14.5.2007 |